Kulturelle innsalg i Paris

Bonjour frå Paris!

Tida flyg her i Paris, og vi har allereie fått oppleve mykje forskjellig. Mellom undervisning, skulearbeid og alt det byen har å by på, prøver vi å få med oss så mykje som mogleg.

Denne gongen stod Picasso-museet på planen! Gjennom GoStudy får vi vere med på ulike aktivitetar og utflukter, noko som gir oss moglegheita til å oppleve fleire sider av Paris. Det er veldig kjekt at GoStudy legg til rette for slike opplevingar, slik at vi får kombinere studiekvardagen med kultur og nye inntrykk.

Picasso-museet ligg i den sjarmerande bydelen Le Marais, som er kjend for dei fine gatene, små kaféane og butikkane. På museet fekk vi sjå fleire av verka til den kjende kunstnaren Pablo Picasso og bli betre kjende med kunsten hans.

Picasso er nok ein kunstnar dei fleste har høyrt om, men det er noko heilt anna å sjå verka hans på nært hald. Han hadde ein ganske spesiell måte å framstille menneske og motiv på, og det var interessant å sjå korleis han utfordra tradisjonelle måtar å lage kunst på.

Noko av det beste med å studere i Paris er nettopp moglegheita til å kombinere skule med opplevingar utanfor klasserommet. Gjennom aktivitetane GoStudy arrangerer, får vi både utforske byen og bli betre kjende med kvarandre.

Etter kvart byrjar Paris verkeleg å kjennast som ein kvardag, sjølv om det framleis er litt spesielt å kunne kalle denne byen heime for ei stund.

À bientôt! 🤍

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *