Dersom du likar å trene, vil eg absolutt anbefale å sjekke ut ClassPass! Dette er ein app der du kan booke treningstimar på ulike treningssenter og studio rundt om i Paris. Her finn du alt frå pilates og yoga til boksing, styrketrening og dans.
Som ny brukar kan du få tilbod om 10 gratis treningstimar i løpet av ein prøveperiode. Dette er ein super måte å teste ulike treningsstudio og treningsformer utan å måtte binde seg til eitt senter.
Har sjølv prøvd ut en del Pilates. Mine favorittar er Kurv, DNA- pilates, methods. etc.
Eit av dei vakraste biblioteka i Paris, like ved Panthéon. Her finn ein ein imponerande lesesal og ei roleg atmosfære. Biblioteket er gratis, men ein må registrere seg og få lånekort. Det er populært blant studentar, så ver førebudd på litt kø.
Bibliothèque Mazarine
Dette historiske biblioteket ligg rett ved Seinen og er perfekt for konsentrert skulearbeid. Ein kan få eit gratis femdagarspass, medan eit årskort kostar 15 euro. Hugs å ta med legitimasjon ved registrering. Dette er mitt faste valg og her er det heilt stille:) Minus: ikkje lov å drikke og spise. Men 15 euro er rimelig flott
Salle Ovale
Ein fantastisk oval lesesal med eit stort glastak. Her er det gratis inngang, og ein treng ikkje registrere seg. Biblioteket er også ope i helgene, men kan vere litt meir folksamt sidan det er ein populær turistattraksjon.Kaféar og studieplassar
Off-Campus
Ein hyggeleg kombinasjon av kafé og bokhandel i 11. arrondissement. Perfekt for ein kaffi og litt skulearbeid. PC er berre tillate på utvalde plassar i vekedagane, og ikkje i helgene. Her er god matcha:))))
Jardin de Locke
Eit hotell som har område for arbeid. Det kostar 15 euro å arbeide her, og éin drikke er inkludert i prisen. Eit fint alternativ når ein ønskjer litt andre omgjevnader enn biblioteket.
Nuage Café
Ein koseleg arbeidskafé i Latinerkvarteret. Her betaler ein for tida ein oppheld seg i lokalet, og får kaffi, snacks og Wi-Fi inkludert. Prisen er rundt 8 euro i timen, med eigne prisar for lengre opphald.
Denne veka tok GoStudy oss med på utflukt til det fantastiske slottet Versailles, like utanfor Paris!
Vi fekk utforske dei imponerande salane, sjå korleis dei kongelege levde før i tida og rusle rundt i dei nydelege slottsområda. Vi besøkte også restauranten på slottet, noko som var ei skikkeleg kul oppleving! ✨
Vi var ekstra heldige med vêret, og med strålande sol og vakre haustfargar fekk vi ein heilt nydeleg dag! 🍂☀️
Veldig lærerikt og en opplevelse eg kjem til å huske!💗
Denne helga tok eg turen frå Paris til Reims, ein sjarmerande by midt i Champagne-regionen, berre ein kort togtur unna hovudstaden.
Reims er særleg kjend for den imponerande Notre-Dame-katedralen, der franske kongar gjennom fleire hundre år vart krona. Byen byr også på vakker arkitektur, hyggelege gater og sjølvsagt champagne!
Helga baud på god mat, fransk atmosfære og ein liten pause frå storbylivet i Paris. 🥂🇫🇷
Paris er kjend for kunst, kultur og musikk, og denne veka fekk vi oppleve litt av det berømte jazzmiljøet i byen!
Saman med GoStudy-klassen tok vi turen til Sunside Jazz Club, ein intim jazzklubb midt i Paris.
Lokalet var fylt med folk, dempa belysning og god stemning. Det var utruleg kjekt å oppleve jazz på nært hald, spesielt i ein by med så rik jazzhistorie. Ekstra deilig når Gostudy betaler for inngang og drikke:)
Tida flyg her i Paris, og vi har allereie fått oppleve mykje forskjellig. Mellom undervisning, skulearbeid og alt det byen har å by på, prøver vi å få med oss så mykje som mogleg.
Denne gongen stod Picasso-museet på planen! Gjennom GoStudy får vi vere med på ulike aktivitetar og utflukter, noko som gir oss moglegheita til å oppleve fleire sider av Paris. Det er veldig kjekt at GoStudy legg til rette for slike opplevingar, slik at vi får kombinere studiekvardagen med kultur og nye inntrykk.
Picasso-museet ligg i den sjarmerande bydelen Le Marais, som er kjend for dei fine gatene, små kaféane og butikkane. På museet fekk vi sjå fleire av verka til den kjende kunstnaren Pablo Picasso og bli betre kjende med kunsten hans.
Picasso er nok ein kunstnar dei fleste har høyrt om, men det er noko heilt anna å sjå verka hans på nært hald. Han hadde ein ganske spesiell måte å framstille menneske og motiv på, og det var interessant å sjå korleis han utfordra tradisjonelle måtar å lage kunst på.
Noko av det beste med å studere i Paris er nettopp moglegheita til å kombinere skule med opplevingar utanfor klasserommet. Gjennom aktivitetane GoStudy arrangerer, får vi både utforske byen og bli betre kjende med kvarandre.
Etter kvart byrjar Paris verkeleg å kjennast som ein kvardag, sjølv om det framleis er litt spesielt å kunne kalle denne byen heime for ei stund.
I løpet av et semester er det mange anledninger til å komme seg ut av byen du studerer i og oppdage noe nytt. I friuken eller i en langhelg, kan det være nok tid til å oppdage en annen del av Sør-Europa. Enten du studerer i Roma, Barcelona eller Paris, er det enkelt å få til en tur til Côte d’Azur.
Hvor er vi, og hvorfor Antibes?
Antibes ligger ved Middelhavet, på den franske Rivieraen (Côte d’Azur), mellom Cannes og Nice. For studenter i Roma, Barcelona eller Paris er dette et av de stedene som faktisk ligger midt imellom de ulike studiedestinasjonene. En langhelg eller en liten uke (friuken) er nok til å oppleve en helt annen side av Sør-Europa. I Antibes finnes kombinasjonen av natur, historie tilbake til antikken og en pittoresk by med restauranter, vinbarer og et par spennende museer.
Litt historie
Antibes har røtter langt tilbake i historien. Byen ble grunnlagt av grekere på 400-tallet f.Kr. og het opprinnelig Antipolis, før den senere ble en del av Romerriket. Fra 1385 til 1608 var Antibes underlagt den mektige Grimaldi-familien, familien som regjerer i Monaco i dag. Det er Grimaldienes gamle borg som i dag er en av byens mest kjente severdigheter, Picasso-museet.
GoStudy besøkte Antibes for litt siden og har laget et forslag til et fire dagers opphold. Det ligger fantastiske steder langs hele kysten, dersom man kan ta seg en leger reise, er det mye annet spennende å få med seg i området. Nice, for eksempel, ligger bare en drøy halvtime med tog unna Antibes.
Første dag: bli litt kjent og lande
Første dag passer perfekt til å lande rolig: en tur til stranden ved havnen i Antibes, med utsikt over båtene i Port Vauban, en av Europas største marinaer. Om kvelden kan det være fint å rusle rundt og for eksempel sette seg ned på en av de koselige barene langs bymuren.
Andre dag: Stranddag i Juan-les-Pins
Juan-les-Pins, en bydel av Antibes med egne strender. En hel dag her gir god tid til bading, sol og avkobling.
Tredje dag: Cap d’Antibes
En av de virkelige høydepunktene når du besøker Antibes, er: en tur ut på Cap d’Antibes, og kyststien/Sentier du Littoral (eller «Tire-Poil» på folkemunne – betyr den som river, rusker i håret). Stien snor seg langs klippene på sørspissen av Cap d’Antibes, forbi små bukter. Deler av Cap d’Antibes har vært et beskyttet naturområde siden 2003. Turen tar 1–2 timer og krever ikke noe mer enn gode sko. Du kan også velge å kun gå deler av ruten.
Fjerde dag: gamlebyen og Picasso-museet
Det kan være fint å avslutte oppholdet i gamlebyen i Antibes. Dette er en vakker, liten gamleby med smale gater, koselige små plasser, butikker og restauranter.
Picasso-museet finner du også i Antibes gamleby. I Château Grimaldi, en borg som er bygget på ruinene av den antikke, greske byen Antipolis, finnes en liten samling av PIcassos arbeider. Picasso bodde og arbeidet i borgen høsten 1946. Da kunstneren reiste, etterlot han museet 23 malerier og 44 tegninger. Arbeidene er grunnlaget for samlingen som i dag utgjør museet. I tillegg til Picassos egne verk viser museet også arbeider av blant andre Nicolas de Staël. Museet har også diverse separatutstillinger.
Hvordan komme seg til Antibes?
Fra Paris: Direkte TGV-tog til Antibes, med reisetid på rundt 5 timer — den klart enkleste reisen av de tre.
Fra Barcelona: Ingen direkte tog; reisen går med bytte(r), typisk via Montpellier/Marseille, og tar mellom 8 og 9 timer avhengig av forbindelse.
Fra Roma: Heller ingen direkte togforbindelse; reisen går via Genova og den italiensk-franske grensebyen Ventimiglia, med en samlet reisetid på 9-10 timer.
Les mer om studiene ved GoStudy her. Ring eller skriv til oss dersom du lurer på noe om studier eller opphold: post@gostudy.no/55369300
Noko eg synest er veldig kjekt med GoStudy, er at dei tek oss med på både lokale ting og litt meir klassiske Paris-opplevingar. Vi har mellom anna vore på vandringar rundt i byen, og nyleg fekk vi også bli med på båttur på Seinen som GoStudy spanderte. Det er ein fin måte å bli betre kjent med byen på, samtidig som vi får oppleve ting saman som klasse.
Det har skjedd mykje sidan sist, så her kjem ei lita oppdatering frå Paris.
Dei siste vekene har gått fort, med ein blanding av besøk, bursdag, venner og mykje utforsking av byen.
Eg har også hatt besøk heimanfrå, så det blei nokre ganske fulle dagar med shopping, restaurantar, sightseeing og mykje gåing. Det er eigentleg først når ein får besøk at ein merkar kor mykje ein allereie har rukke å bli kjent med.
I helga feira eg også 19-årsdagen min her. Det blei nokre veldig fine dagar med god mat, venner og uteliv, og ein ganske annleis bursdag enn heime i Volda.
Elles går dagane fort. Det blir mykje kafé, metro, små turar rundt i byen og spontane planar på kvelden. Eg byrjar å kjenne meg mykje meir heime her og har starta å få favorittplasser osv.
September har i alle fall vore ein veldig fin månad, og Paris held fram med å levere.
Eg har prøvd meg ut på kvar gjere skulearbeidet. Her er favrotter til no:
Ein av plassane eg har vore på er Bibliothèque Mazarine. Det er eit gammalt bibliotek med enorme bokhyller, grøne leselamper og bustar langs veggane. Det kjennest nesten meir ut som eit museum enn ein plass ein faktisk kan setje seg ned med PC-en. Her er det veldig roleg, så det er ein perfekt plass når eg faktisk må konsentrere meg. Minus er: ingen mat og drikke.
Eg har også vore innom Salle Ovale på BnF Richelieu. Dette biblioteket ser heilt annleis ut, med ein stor oval lesesal, glasstak og bokhyller rundt heile rommet. Her e sjukt fint, men også mykje folk! Her må man vere tidleg ute.
Når vêret er fint, prøver eg derimot å vere ute. Då tek eg gjerne med meg noko å lese og set meg i ein park. Det er ganske luksus å kunne ta ein pause frå skulearbeidet med noko godt frå eit bakeri og sol midt i Paris. 🌿🥐
Jardin du Luxembourg er ein av favorittane mine, med masse stolar og fine område å sitje i. Parc Montsouris er også veldig fin, spesielt når ein vil ha litt meir ro og grønt rundt seg. Jardin des Tuileries er meir sentral og travel, men perfekt dersom ein berre vil lese litt, ta ein pause eller sitje med noko godt frå eit bakeri.