Det har skjedd mykje sidan sist, så her kjem ei lita oppdatering frå Paris.
Dei siste vekene har gått fort, med ein blanding av besøk, bursdag, venner og mykje utforsking av byen.
Eg har også hatt besøk heimanfrå, så det blei nokre ganske fulle dagar med shopping, restaurantar, sightseeing og mykje gåing. Det er eigentleg først når ein får besøk at ein merkar kor mykje ein allereie har rukke å bli kjent med.
I helga feira eg også 19-årsdagen min her. Det blei nokre veldig fine dagar med god mat, venner og uteliv, og ein ganske annleis bursdag enn heime i Volda.
Elles går dagane fort. Det blir mykje kafé, metro, små turar rundt i byen og spontane planar på kvelden. Eg byrjar å kjenne meg mykje meir heime her og har starta å få favorittplasser osv.
September har i alle fall vore ein veldig fin månad, og Paris held fram med å levere.







