Denne helga tok eg turen frå Paris til Reims, ein sjarmerande by midt i Champagne-regionen, berre ein kort togtur unna hovudstaden.

Reims er særleg kjend for den imponerande Notre-Dame-katedralen, der franske kongar gjennom fleire hundre år vart krona. Byen byr også på vakker arkitektur, hyggelege gater og sjølvsagt champagne!
Helga baud på god mat, fransk atmosfære og ein liten pause frå storbylivet i Paris. 🥂🇫🇷
Ein perfekt stad for ein liten helgetur!

- Johanne






















































































