Kvar eg likar å gjere skulearbeid i Paris 📚🌿
Eg har prøvd meg ut på kvar gjere skulearbeidet. Her er favrotter til no:
Ein av plassane eg har vore på er Bibliothèque Mazarine. Det er eit gammalt bibliotek med enorme bokhyller, grøne leselamper og bustar langs veggane. Det kjennest nesten meir ut som eit museum enn ein plass ein faktisk kan setje seg ned med PC-en. Her er det veldig roleg, så det er ein perfekt plass når eg faktisk må konsentrere meg. Minus er: ingen mat og drikke.

Eg har også vore innom Salle Ovale på BnF Richelieu. Dette biblioteket ser heilt annleis ut, med ein stor oval lesesal, glasstak og bokhyller rundt heile rommet. Her e sjukt fint, men også mykje folk! Her må man vere tidleg ute.

Når vêret er fint, prøver eg derimot å vere ute. Då tek eg gjerne med meg noko å lese og set meg i ein park. Det er ganske luksus å kunne ta ein pause frå skulearbeidet med noko godt frå eit bakeri og sol midt i Paris. 🌿🥐
Jardin du Luxembourg er ein av favorittane mine, med masse stolar og fine område å sitje i. Parc Montsouris er også veldig fin, spesielt når ein vil ha litt meir ro og grønt rundt seg. Jardin des Tuileries er meir sentral og travel, men perfekt dersom ein berre vil lese litt, ta ein pause eller sitje med noko godt frå eit bakeri.


Disse bildene er fra Parc Montsouris
