Kvar kan ein gjere skuelarbeid i Paris?☕

Her er nokre av stadene eg anbefaler.

Bibliothèque Sainte-Geneviève

Eit av dei vakraste biblioteka i Paris, like ved Panthéon. Her finn ein ein imponerande lesesal og ei roleg atmosfære. Biblioteket er gratis, men ein må registrere seg og få lånekort. Det er populært blant studentar, så ver førebudd på litt kø.

Bibliothèque Mazarine

Dette historiske biblioteket ligg rett ved Seinen og er perfekt for konsentrert skulearbeid. Ein kan få eit gratis femdagarspass, medan eit årskort kostar 15 euro. Hugs å ta med legitimasjon ved registrering. Dette er mitt faste valg og her er det heilt stille:) Minus: ikkje lov å drikke og spise. Men 15 euro er rimelig flott

Salle Ovale

Ein fantastisk oval lesesal med eit stort glastak. Her er det gratis inngang, og ein treng ikkje registrere seg. Biblioteket er også ope i helgene, men kan vere litt meir folksamt sidan det er ein populær turistattraksjon.Kaféar og studieplassar

Off-Campus

Ein hyggeleg kombinasjon av kafé og bokhandel i 11. arrondissement. Perfekt for ein kaffi og litt skulearbeid. PC er berre tillate på utvalde plassar i vekedagane, og ikkje i helgene. Her er god matcha:))))

Jardin de Locke

Eit hotell som har område for arbeid. Det kostar 15 euro å arbeide her, og éin drikke er inkludert i prisen. Eit fint alternativ når ein ønskjer litt andre omgjevnader enn biblioteket.

Nuage Café

Ein koseleg arbeidskafé i Latinerkvarteret. Her betaler ein for tida ein oppheld seg i lokalet, og får kaffi, snacks og Wi-Fi inkludert. Prisen er rundt 8 euro i timen, med eigne prisar for lengre opphald.

  • Johanne i Paris

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *