Dette kan bli din kvardag

Etter tre månader i Paris har eg fått nokre plassar eg stadig kjem tilbake til. Her er nokre av favorittane mine.

For kaffi og noko godt
Merlo og Fauna er to av kaféfavorittane mine. FIKA er fin når eg har lyst på noko svensk, og Grave er verdt ein tur for isen. På dagar der eg har god tid, likar eg aller best å ta kaffien der og gå ein liten tur etterpå.

For å få gjort litt skulearbeid
Sister Coffee og Off Campus er fine når eg vil ha med PC-en på kafé. Eg likar også The Hoxton og Le Jardin de Plantes by Locke. Når eg treng skikkeleg lesero, er Bibliothèque Sainte-Geneviève ved Panthéon og Bibliothèque Mazarine gode alternativ.

For å gå rundt i byen
Eg likar området rundt Panthéon, det 9. arrondissementet og Montmartre. Rundt Panthéon ville eg gått ned Rue Soufflot mot Jardin du Luxembourg. I Montmartre er Rue des Abbesses eit fint utgangspunkt. Eg likar også å gå ned Rue de Seine og ta ein avstikkar inn i Rue Jacob i Saint-Germain. Der er det kjekt å sjå inn i galleria på vegen.

Skal du til Paris med GoStudy? Eg har ei godt utarbeida lang liste med fleire Paris-favorittar, så send meg ei melding på Instagram på @johannegjethammer om du vil ha den:)))

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *