Ein ettermiddag på Montmartre

Denne veka tok læraren vår, Malika, oss med på ei vandring rundt på Montmartre. Vi gjekk gjennom små brosteinsgater, forbi fine hus, kaféar og fleire av dei mest kjende plassane i området. Montmartre er verkeleg ein av dei plassane som kjennest akkurat slik ein ser føre seg Paris, med gamle bygningar, kunstnarar, smale gater og utsikt over byen.

Malika kunne utruleg mykje om området og fortalde historier heile vegen. Ho snakka mellom anna om gamle songarar og artistar som hadde budd eller halde til på Montmartre, og peika ut små stader vi elles sikkert berre hadde gått rett forbi.

Etter vandringa tok Malika oss med på ein bar, der vi sat saman og tok noko å drikke. Det var veldig hyggeleg å vere saman med klassa utanfor undervisninga også, og ein fin måte å avslutte ettermiddagen på.

  • Johanne Ramsli Gjethammer, i Paris!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *