Marseille – på vei fra Barcelona til Paris

Då er vi endelig kommet til Paris, og det er så nydelig her! Herregud eg har forelska meg heilt i byen allerede. Eg tenkte eg skulle skrive litt om turen frå Barcelona til Paris, for der hadde vi nemlig ein stopp i den nydelige franske byen Marseille. Marseille er Frankrikes nest største by, om eg ikkje tar heilt feil! Byen er så nydelig og eg skjønna godt kvifor den er så populær å reise til, ettersom du får både badeby og shopping! Heile klassen tok buss frå Barcelona, som kjørte oss rett til hotellet. Turen tok ca 6 timar, og vi hadde to pausar under vegs. Då vi kom til Marseille, og alle va komt på plass, var det organisert ein tour gjennom gamlebyen med ein guide. Dette va ein veldig fin måte å oppleve mykje av byen på kort til! Etter touren var det buffer med både nydelig mat og vin. Nam! Dagen etter hadde vi ein tur litt opp i høgda. Vi gikk nemlig heilt opp til notre dame, eit stort og fantastisk bygg ein kan sjå nede fra heile byen. På toppen blei vi møtt av ein heilt fantastisk utsikt, som gjorde alle trappene verdt det! Deretter gikk turen vidare med tog til Paris! Å ta tog var egentlig ganske chill, fin måte å sjå mykje av landet på. Togturen to ca. 4 timer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *