Hei og hå! No er vi to veker ut i oppholdet vårt her i Barcelona, og allereie berre tre veker igjen til vi reiser til Paris. Skulearbeidet er allereie godt i gang, og dei fleste er begynte å bli ganske godt kjent rundt om her. Tida her nede går kjempefort, og hugsa fortsatt godt dagen vi kom. Alt va nytt, og spennande. Medan no er ting begynt å komme på plass i kvardagen. Vi har hatt fleire kjekke utflukter sammen med klassen, og hinn dagen fekk vi komt oss litt opp i høgda. Vi reiste nemlig til ein park som heiter Park Quell. Her gjekk vi opp mykje trapper og fekk sjå ein heilt nydelig utsikt over heilt Barcelona! På veg ned att var det blitt heilt mørkt, og parken va opprinneleg stengt. Då fortalte Martine om alle åndene som visst nok skal gå igjen i parken, og fleire spøkelseshistorier. Spennande!