Hei! Mitt navn er Matilde Gjesdal, er 21 år og kjem frå ein liten plass i Sogn og Fjordane som heiter Jølster. Eg har fått gleden av å vere ein av årets studentbloggara hos Gostudy Barcelona/Paris høsten 2019, og kjem til å dele litt av oppholdet mitt her.
Dagen vi kom fram blei vi invitert til ein velkomst middag hos Ovella Negra. Der hadde vi først ein times tid med generell informasjon, fekk treffe alle studentene, og fekk sagt hei til Eirik og Martine. Deretter var det tid for middag. Vi fekk servert tapas. der alle studentane fant noko for kvar ein smak. Vi fekk også tilbud om øl og sangria til maten. Øl er også normalt i Norge, men det var kjekt å få smake på sangria, som er veldig tradisjonelt her i Spania. Denna velkomstmiddagen var også ein god moglegheit for oss å bli kjent med andre studenter som reiste med Gostudy. Etter velkomstmiddagen var over, og fleire hadde fått moglegheit til å verte betre kjent reiste mange vidare på bar. Spania byr jo på ein kjempekjekt uteliv!